- 1/1
Spinnekurs med Elizabeth Johnston
Kurs i spinning med Elizabeth Johnston.
Osterøy museum fredag 24 juni til sundag 26 juni 2022
kl. 0900 – 1600
Å spinna tråd er ein av dei eldste tekstilteknikkane som finst.
Kursleiar Elizabeth Johnston er ein profesjonell spinnar frå Shetland. Ho brukar gamle spinneteknikkar i arbeidet sitt med den mjuke Shetlandsulla. Elizabeth har ei livslang erfaring med å arbeida med ull. Kunnskapen hennar kjem frå ein ubroten shetlandsk tekstiltradisjon. Denne tradisjonsopplæringa har gått frå hand til hand i generasjonar. I tillegg til spinning gjeld det og farging, veving og strikking.
Elizabeth er ein erfaren kursinstruktør, og ho har hatt kurs mange stader i verda.
Ho var Patron for Shetland Wool Week i 2018, og ho er ein av forfattarane av boka om oppstadveven, Klingande steinar.
Til sommaren er vi så heldige at ho vil koma til Osterøy museum for å halda kurs i spinning på rokk.
Dette kurset passer best for vidarekomne.
Spinnekurs 3 dagar, 3600,- inkl. materialar.
Påmelding til: solveig.jordal@muho.no
Velkomen på kurs!