SPRANG av Maia Urstad og Hilde Hauan

SPRANG, versjon Osterøy er ein stadspesifikk, lys- og lydinstallasjon med utgangspunkt i sprang, mellom tonane, og trådane. Lyd og lys knytast saman og skapar ein gnistrande oppleving i eit gamalt rom for liv og arbeid. I prosjektet ser vi tid gjennom kunst, og tradisjon gjennom modernitet. SPRANG, versjon Osterøy er laga spesielt for Gjerstad-løa.

Utstillinga kan vitjast i museets vanlege opningstider eller på førespurnad. Utstillinga vil vere tilgjengeleg fram til 2021.