Hopp til hovedinnhold

Tilgjengelegheit

Hovudbygget med vår faste utstilling har trinnfri adkomst (bredde på inngangsdør er 95 cm, men kan utvides. Det er diverre ikkje døropnar). Museumstunet består av gamle bygningar frå mellom åra 1600-1850. Det går ein grusveg opp til tunet. Den siste bakken opp til tunet har litt høg stigning. Ta gjerne kontakt dersom du trenger assistanse.

Parkering

Det er parkering på grusflaten 70 meter frå inngangen til museet. Det er HC-parkering rett ved inngagsdøra til museet. ​ 

Toalett

Det er to toalett rett bak butikken i hovudbygget. Dørene inn til toalettet er 87,5 cm breie. På eit av toalettene er det handlene på høgre side som kan tas opp og ned.

Følgjeperson

Følgjeperson/ledsagar får gratis inngang på museet.

Lyd

Det er teleslynge og mikrofon inne i hovudbygget 

Servicehundar

Servicehundar er velkomne på museet 

  • 1/5
    Toalett med handlene
  • 2/5
    Dører til toalett
  • 3/5
    Hovudinngang til museet
  • 4/5
    HC-parkering
  • 5/5
    Museumsbutikk. Toalettene er bak butikken.
Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1