Hopp til hovudinnhald

Tradisjonsverkstad: Heimelaga etasjefat

Bli med å lage etasjefat av brukt servise. Vi har ulikt servise kjøpt inn på bruktbutikker, men ta gjerne med eige. Vi stiller med stenger og borr.

Å lage ditt eige etasjefat er eit enkelt og morosamt prosjekt som passer for alle. Med nokre grunnleggande materialar kan du lage eit personleg og vakkert etasjefat. Vel tallerkenar i forskjellige størrelsar og mønstre for eit unikt utsjåande, og bor hull i dei for å montere stativet. Museet stiller med verktøya og materiala du treng. Du kan ta med eige service

Osterøy museum
10. feb. 2026
17.00 – 20.30

Gi tallerkenar, skåler og koppar som du ikkje brukar lenger eit nytt liv ved å lage eit etasjefat/kakefat.  

Å lage ditt eige etasjefat er eit enkelt og morosamt prosjekt som passer for alle. Med nokre grunnleggande materialar kan du lage eit personleg og vakkert etasjefat. Vel tallerkenar i forskjellige størrelsar og mønstre for eit unikt utsjåande, og bor hull i dei for å montere stativet. Museet stiller med verktøya og materiala du treng. Du kan ta med eige servise, men det er og mogleg å kjøpe gjenbruksservise frå museet. La kreativiteten flyte! Etasjefat er ei perfekt som gåve, eller som pynt til konfirmasjonar og andre store anledningar.

Om tradisjonsverkstad

Tradisjonsverkstad arrangerast fleire gongar i året på Osterøy Museum. På verkstaden blir det låge skuldre, hygge og moglegheit til å treffe nye folk. Tradisjonsverkstad krev ingen forkunnskapar, begynner med ein intro og det blir vegleiing undervegs. 

Verkstaden passer for alle og er gratis for ungdommer under 18 år. 

Verkstaden begynner kl. 18:00, men det er mogleg å komme på middag før verkstaden kl. 17:00. Middagen består av suppe m/brød og kaffi/te. Etter middagen kan du sjå deg om i våre utstillingar. 

Pris verkstad vaksen: 350 kr (inkluderer inngangspenger, verktøy og materialer til eit fat. Dersom du vil lage eit til koster det 200 kr ekstra) 

Pris verkstad under 18: gratis  

Pris for middag er 180 kr. 

  • 1/4
    Osterøy Museum
  • 2/4
    Osterøy Museum
  • 3/4
    Osterøy Museum
  • 4/4
    Osterøy Museum