Hopp til hovudinnhald

Tradisjonsverkstad: sy kaffifilter og brødpose

Bli med på tradisjonsverkstad der vi syr gjenbrukbare kaffifilter og brødposer av lin.

Bli med på tradisjonsverkstad der vi syr gjenbrukbare kaffifilter og brødposer av lin.

Osterøy museum
13. okt. 2026
17.00 – 20.30
Kjøp billett

Kva er tradisjonsverkstad? 

Tradisjonsverkstad arrangerast fleire gongar i året på Osterøy Museum. På verkstaden blir det låge skuldre, hygge og moglegheit til å treffe nye folk. Tradisjonsverkstad krev ingen forkunnskapar, begynner med ein intro og det blir vegleiing undervegs. 

Kven passer kurset for?

Tradisjonsverkstad krev ingen forkunnskapar, begynner med ein intro og det blir vegleiing undervegs. Verkstaden passer for alle og er gratis for ungdommer under 18 år.

Er der servering? 

Verkstaden byrjar kl. 18:00, men det er mogleg å komme på middag før verkstaden kl. 17:00. Middagen består av suppe m/brød og kaffi/te. Etter middagen kan du sjå deg om i våre utstillingar.

  • 1/1

Praktisk informasjon

Pris

Pris verkstad vaksen: 350 kr (inkluderer inngangspenger og materialer).

Pris verkstad under 18: gratis  

Pris for middag er 180 kr.

Klokkeslett

Kl. 17 for dei som har meldt seg på middag. Kl. 18 for dei som berre skal på kurs. 

Påmeldingsfrist?

Nei, men det er lurt å bestille tidleg sidan kurset kan bli utseld.