Hopp til hovedinnhold

Utstilling: VON

Velkommen til utstillinga "VON" på Osterøy Museum av kunstnar Heidi Bjørnsdotter Thorvik

Utstillinga opnar 26. juni og står til 15. august

Utstillinga VON er ei pånninning om å løfte blikket, og om å vere ein del av noko større. Von er det nynorske ordet for håp. Vi må fortsette å samle på håp, brette opp ermane og lappe saman det som er øydelagt. Å ta vare på kvarandre og å vøle er viktigare enn nokon gong. Det kan vi berre klare ved å støtte kvarandre. Lapp på lapp, sting på sting.

Om Heidi Bjørnsdotter Thorvik

Heidi er faglærer i kunst og håndverk og kunsthåndverker. Ho har lang erfaring i å lære bort, både fra mange år i grunnskolen og som kurshaldar. Hun er levende oppteken av berekraft og berekraftige tekstilar spesielt.

Sjå utdrag fra hennes Portfolio på nettsidene til Norske kunsthåndverkere https://norskekunsthandverkere.no/users/heidi-bjornsdotter-thorvik og Instagramkonto https://www.instagram.com/heidi_bjornsdotter/

Ho arbeider etter enkle prinsipp i tre og tekstil. I 2005 starta hun VØLT som handler om å ta vare på, reparere og utnytte ressurser på best mogeleg måte. Ho tek utgangspunkt i gamle teknikker og alltid med kjærleik til naturen.

Utstillingsopning

Velkomen til utstillingsopning den 26. juni kl. 18. På utstillingsopninga blir det gratis inngang, møte med kunstnaren og musikalsk innslag. 

  • 1/4
    VON. Fotokreditering: Studio Dreyer Hensley
  • 2/4
    Fotokreditering: Studio Dreyer Hensley
  • 3/4
    Fotokreditering: Studio Dreyer Hensley
  • 4/4
    Fotokreditering: Studio Dreyer Hensley
Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 1