Kurs i veving av ein minivarafell.
ULLVEKA 2023
Osterøy museum. 7 oktober kl. 09.00-17.00
Varafell er ein stor voven ullfell. Den ser ut som, og har eigenskapane, til ein sauefell,
Varafell, eller roggvarafeldur som den heiter på islandsk, er ei tusen år gammal islandsk handelsvare.
Handel mellom Island og Norge var vanleg alt i vikingtida.
Normalt vert ein varafell voven på ein oppstadvev, eller oppstadgogn, som er den eldste vevstolen vi kjenner.
I ullveka vert det eit minikurs på 8 timar der kursdeltakarane får lære denne spennande flossteknikken. Vi vil veve på små bordvevar.
Kurshaldar: Monika Ravnanger
Kursavgift: 1500;-
Kontaktinfo: monika.ravnanger@muho.no