Veving av varafell på oppstadvev

Oppstadveven, eller oppstadgogna, er den eldste vevstolen vi kjenner til og ein meiner den har eksistert sidan steinalderen, fleire tusen år før vår tidsrekning.. Den vart brukt til alle slags tekstilar, frå klede til seglduk. Denne veven er opphavet til dei vevane og tekstilane vi har i dag.

Varafellen eller Röggvarfeldur, som den heitar, er ei tusen år gamal Islandsk handelsvare. Handel mellom Island og Noreg var vanleg. Det var sikkert å handle med tekstilar og det var lettare å ha kontroll på verdi, størrelse og vekt.
Ein varafell er ein vevd ullfell som ser ut som, og har eigenskapar, til ein sauefell. Sidan den er vevd kan ein varafell bli større enn ein sauefell. Fortidsmennesket hadde god kunnskap om fibranes eigenskapar og brukte denne kunnskapen når de lagde tekstilar.

På kurset vil en lære å sette opp oppstadveven, forberede ull og veve.
Kurshaldarar, Monika Ravnanger er tekstildesignar av utdanning og arbeider som tekstilhandverkar ved Osterøy museum.
Kurset passar for både nybegynnarar og dei som har vevd på oppstadveven før.

27 - 30 oktober 0900 - 1600 (blir mulighet fpr stå lengre en av dagene)

Pris 6000,-

Eventuelle spørsmål: monika.ravnanger@muho.no

Påmelding til ulluken

  •  (Foto/Photo)
    1/4
  •  (Foto/Photo)
    2/4
  •  (Foto/Photo)
    3/4
  •  (Foto/Photo)
    4/4