-
Oppdag industristaden Salhus gjennom kulturminneløypa. Hanne Dale/Tekstilindustrimuseet
Turforslag
Det er mange fine turmoglegheiter i området rundt Salhus som fint kan kombinerast med eit museumsbesøk (sjå ut.no for inspirasjon). Eller ta ein spasertur gjennom Salhus med kulturminneløypa, der du lærer meir om historia til staden gjennom ni ulike postar. Løypa startar utanfor museet.
Milastemma
Ein kort spasertur frå museet finn du stien som går opp til Milastemma. Stemma vart bygd for fabrikken og vatnet frå Milaelva vart nytta som vassforsyning. Milaelva er oppkalla etter fabrikkdirektør Emil Clausen (1874-1967). Frå stemma kan du gå vidare opp til Tellevikfjellet.
Her finn du vegforklaring til stien.
Badeplassar
Om sommaren er det fint å bade på Rotholsneset, badeplassen fabrikken bygde til arbeidarane sine i 1959, med utandørs basseng og stupebrett rett bak fabrikkanlegget. I nyare tid er det òg lagt til ein treplatting med sitteplassar, så det er ein fin plass å ta med matpakken eller piknikkorga. Vatnet i barnebassenget er sjøvatn, og vil variere med flo og fjære. Det er ikkje toalett på badeplassen, men museet sine toalett kan brukast i opningstida. Det er også ei fin tilrettelagt badestrand i Storåkervika, rett ved Salhus kirke.
- 1/1
Badeplassen på Rotholsneset vart bygd av Salhus Tricotagefabrik i 1959. Hanne Dale/Tekstilindustrimuseet