17.03.–05.05.2013
Utstillinga rettar blikket mot designprosessen: kva er ein designprosess? Korleis fungerer den kreative krafta i samspel mellom dei to designarane? Med dette perspektivet som utgangspunkt er det lagt opp til ei filmvisning produsert av Nasjonalmuseet der Arne & Carlos fortel om sin kreative prosess. Utstillinga inneheld sju tablå som er utforma med utgangspunkt i at publikum skal få innblikk i inspirasjonskjeldene til designarane.