Ellen M. Fiære Risbruna / Tekstilindustrimuseet
Tekstilindustrimuseet/Galleri Salhus – Artist in Residency
Kunstnaropphald ved Tekstilindustrimuseet i Salhus, Bergen, Norge, for kunstnarar og forfattarar som arbeider med tema/materialar som tekstil, industri, arbeidarhistorie o.l.
Tekstilindustrimuseet/Galleri Salhus har tilbod om kunstnaropphald ved Tekstilindustrimuseet i Salhus, Bergen, Norge på forespørsel innafor tidsrommet 1.okt. - 30.april. Salhus er ein industristad bygd opp rundt den gamle freda fabrikken Salhus Tricotagefabrik AS (1859-1989). Vi ønskjer å skape/vere ein arena for fordjuping og refleksjon, samstundes som vi bidreg til å utvikle og synleggjere kunstnarskap, og fremjar kontakt mellom kunstnarar med ulik tilnærming til museet/samlinga/staden.
Arbeidsbord for kunstnarar i Skulehuset Ellen M. Fiære Risbruna / Tekstilindustrimuseet
Kven kan søkje?
Alle profesjonelle kunstnarar/forfattarar som arbeider med tekstile medier eller har eit prosjekt relatert til tekstil/industri/arbeidarhistorie. Opphaldet er personleg, og ein kan ta med seg familie, partnar etc.
Kunstnaropphald på 1-4 veker er ope for søkjarar frå alle land innafor tidsrommet 1.okt. - 30.april.
Søknadar bli vurdert av fagpersonar ved Tekstilindustrimuseet/Galleri Salhus.
Send prosjektsøknad og CV på epost til anneli.belsvik.aras@muho.no
Hugs å ta med aktuelle tidsrom for ønska opphald.
Praktisk info
Pris:
1 veke, NOK 3000 + NOK1500 for reingjering
2 veker, NOK 5800 + NOK 1500 for reingjering
3 veker, NOK 8500 + NOK 1500 for reingjering
4 veker, NOK 11000 + NOK 1500 for reingjering
inkl. elektrisitet og internett.
NB! Det må betalast eit depositum på NOK 1000 ved tildeling av kunstnaropphald.
Arbeidsbord i Skulehuset Ellen M. Fiære Risbruna / Tekstilindstrimuseet
Kva kan Tekstilindustrimuseet / Galleri Salhus tilby?
Vi tilbyd bustad i det fyrste skulehuset i Salhus, frå 1878. Her er det 2 soverom, felles kjøkken, toalett og stove med sovesofa. Dusjkabinett i bryggerhuset like ved. Tilgang til vaskemaskin ved opphald over 1 veke. Det er installert internett i bustaden. I tillegg kan vi tilby eit arbeidsrom. Vi har til utlån symaskinar og manuell strikkemaskin.
Salhus med sin unike beliggenhet, karakter og natur er tilgjengeleg døgnet rundt. Vi ønskjer å legge til rette for ulik utforsking av kunstnarleg praksis kombinert med tid for refleksjon og fordjuping.
Skulehuset har det mest naudsynte av møblement og utstyr:
- Soverom 1: 120 cm brei seng, garderobeskap, stol, hylle.
- Soverom 2: 160 cm brei seng, garderobeskap, stol, arbeidsbord og nattbord.
- Kjøkken: kombiskap, komfyr, elles basis kjøkkenutstyr. Ingen oppvaskmaskin.
- Stue: Sovesofa, salongbord, spisebord for 2-4 personar, bokhylle.
Kor ligg Tekstilindustrimuseet / Galleri Salhus?
Vi ligger i utkanten av Bergen kommune, helt i sjøkanten med utsikt over Salhusfjorden. Ta buss nr. 3 eller 4 til Åsane terminal, deretter buss nr. 35 til Salhus kai.