(scroll down for English)
Tekstilindustrimuseet og veteranbåten Stord1 inviterer til ein sommarleg tur med fokus på berekraft, bading og fellesskap. På reisa til Salhus får du høyre om SB Swimwear sitt arbeid med norskprodusert badetøy laga av gjenbrukte materialar, og kvifor passform, kvalitet og miljø står sentralt i merket.
Stord1 set ramma for opplevinga – ein historisk båt som framleis er i aktiv bruk og som speglar verdien av å ta vare på det som varer. Saman skaper vi ein dag der kysttradisjon, berekraft og badeglede står i sentrum.
Det blir presentasjon av SB Swimwear med salg av badetøy på båtreisa til Salhus, og etterpå kan du bli med på felles bading. I Krone kafé får du kjøp lunsj som er laga med lokale råvarer.
SB Swimwear
SB Swimwear er eit norsk badetøyskonsept med fokus på berekraft, passform og kvalitet. Bak merket står Synnøve Balbanian, som arbeider for å skape inkluderande og varige produkt med omtanke for både menneske og miljø.
Alle produkta blir laga i Noreg, og er produserte av brukte, øydelagde eller uønskte materialar som elles ville ha blitt kasta. Målet er å skape noko nytt utan å belaste miljøet gjennom nyproduksjon.
Med ønskje om at alle skal kjenne seg vel i badetøy, utviklar SB Swimwear plagg for både heilårsbadarar og for dei som berre tek seg ein dukkert i ny og ne.
Utstilling og kafé
I Galleri Salhus kan du oppleve utstillinga "der alt som er sant er funnet på" av John K. Raustein.
I Krone kafé får du heimelaga lokal mat laga på norske råvarer.
Program
- 11.00 – Avgang med Stord1 frå Bergen
11.20 – (ombord) Foredrag med SB Swimwear v/ Synnøve Balbanian
Ca. 12.00 – Ankomst Salhus
12.00–14.00 – Utforsk museet og kjøp lunsj i Krone kafé
13.00 – Felles bading
15.00 – Retur med Stord1 til Bergen
- 1/6
- 2/6
Katinka Halland - 3/6
Helge Sunde - 4/6
- 5/6
Trond Isaksen /Riksantikvaren - 6/6
Tove Lise Mossestad
Summer swim cruise
The Textile Industry Museum and the boat vessel Stord I invite you to a summery trip focusing on sustainability, swimming, and community. On the journey to Salhus, you will hear about SB Swimwear’s work with Norwegian-produced swimwear made from recycled materials, and why fit, quality, and environmental responsibility are central to the brand.
Stord I provides the setting for the experience—a historic vessel still in active use, reflecting the value of preserving what lasts. Together, we create a day where coastal traditions, sustainability, and the joy of swimming take center stage.
There will be a presentation by SB Swimwear, with swimwear available for purchase during the boat trip to Salhus. Afterwards, you are invited to join a group swim. At Krone Café, you can buy lunch made from local ingredients.
SB Swimwear
SB Swimwear is a Norwegian swimwear concept focusing on sustainability, fit, and quality. The brand was founded by Synnøve Balbanian, who works to create inclusive, long-lasting products with care for both people and the environment.
All products are made in Norway, using used, damaged, or unwanted materials that would otherwise have been discarded. The goal is to create something new without adding environmental strain through new production.
With the aim that everyone should feel comfortable in their swimwear, SB Swimwear develops garments for both year-round swimmers and those who only take an occasional dip.
Exhibition and Café
At Galleri Salhus, you can experience the exhibition “where everything that is true is invented” by John K. Raustein.
At Krone Café, you can enjoy homemade local food made from Norwegian ingredients.
Program
- 11:00 – Departure with Stord I from Bergen
- 11:20 – (on board) Presentation by SB Swimwear, by Synnøve Balbanian
- Approx. 12:00 – Arrival in Salhus
- 12:00–14:00 – Explore the museum and buy lunch at Krone Café
- 13:00 – Group swimming
- 15:00 – Return to Bergen with Stord I