Omvising for barn: kor er Bændik?
Bli med på jakt etter sauen Bændik. Saman med omvisar ser vi på maskiner, og Bændik fortell oss korleis ull blir til klede! Kanskje du får prøve ein strikkemaskin? Omvisinga går kvar laurdag og søndag kl. 13.30, og kvar opningsdag i skuleferien kl. 13.30. Omvisninga passar for barn fra 3-8 år og varer i ca 25 min.
Aktivitetsbord i kaféen
Kvar søndag og kvar dag i skuleferien har vi eit aktivitetsbord i kaféen med ulike handarbeidsaktivitetar.
Prøv deg på nålefilting eller lag dukker av papirkoppar.
Kulturminneløype og fabrikkquiz
Bli kjend med industribygda Salhus. Du kan følgje kulturminneløypa frå museet, til arbeidarbustaden og skulen. Svar på spørsmål som du får i kaféen.
Prøv vår nye fabrikkquiz! Klarer du fem på rad?
Gevinst til dei som klarer alle spørsmåla! eller quizen.
Kafé med heimebakst og sjøutsikt
Her finn du våre heimebakte rundstykker, kaker, og is. Sitteplassar inne eller ute på terrassen med sjøutsikt. Kaféen er ope i opningstida til museet.
Kvar søndag (t.o.m 10. desember)
12.00-17.00