Hopp til hovedinnhold

Besøk

Tekstilindustrimuseet ligg idyllisk til ved sjøen i Salhus like utanfor Bergen sentrum. Lær meir om tekstilindustrien på Vestlandet gjennom det freda fabrikkanlegget Salhus Tricotagefabrik.
Vi tilbyr guida omvisningar kl. 11 og kl. 13 onsdag til fredag, og kvar time på søndagar.

Omvisingar

Bli med inn i den eldste delen av fabrikken og følg produksjonslinja frå karding, spinning og spoling til strikka metervare og ferdige plagg. Kjenn karda ull mellom fingrane, høyr maskinstøyen, kjenn luktene i dei gamle lokala og sjå maskinene i drift. Ei omvising i Salhus Tricotagefabrik viser arbeid og sosiale forhold, produksjon og maskiner i tekstilindustrien. Fabrikken er berre tilgjengeleg med omvisar (kvar time).
Tid: ca. 40 min. + filmvisning 24 min

jente med kosedyr i fabrikklokale

Bli med i jakta på sauen Bændik! Kva skjer med ulla hans, og korleis kan ho bli til ein genser? Høyr og sjå maskiner medan vi prøver å finne Bændik som gøymer seg på mange rare stadar i fabrikken. Og kanskje får du strikke litt? Omvisinga går søndagar kl. 13.30, varar ca. 25 min, og passar fint for barn mellom 3 og 8 år.

Sommaren 2022 går omvisinga kvar laurdag og søndag kl. 13.30, og kvar opningsdag i skuleferien kl. 13.30.