Hopp til hovedinnhold

Det er ikkje regn, det er tårer

av Borghild Rudjord Unneland

  • Kunstverk av Borghild Rudjord Unneland
    Utstillinga "Det er ikkje regn, det er tårer" av Borghild Rudjord Unneland. Thor Brødreskift

Om ein finn ein enkelt sko på ei strand, går tankane fort til skoen som manglar. I det fragmenterte, det tomme og det som tilsynelatande er utan samanheng, ligg det eit potensiale for nye koplingar og historier.

I utstillinga ved Galleri Salhus viser Unneland installasjonar beståande av lausrivne element frå eit kvardagsliv. Ting vi omgjev oss med til dagleg, som vert gjenkjend som eit muskelminne og som er lada i kraft av å vere i våre liv. Unneland leitar i den tvitydige opplevinga av det fragmenterte, og ser at det i møta kan dannast assosiative forbindelsar – som strofer i eit dikt. 


  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1