Hopp til hovedinnhold

Det er tungt for den som husker alt

Utstilling av 43 oljemåleri av Gunnar Slettebakken som aldri er stilt ut tidlegare; fargesprakande fest og alvor formidla med Slettebakken sitt humoristiske og personlege blikk på verda.

28.02.–08.02.2016

Denne andre retrospektive utstillinga med målerier av Gunnar Slettebakken (5.10.1936 – 6.5.2012) på Norsk Trikotasjemuseum, syner 43 oljemalerier – dei fleste i stort format – frå åra 1993 – 2008, samt eit utval teikningar og kopi av ei skisseblokk frå 1964. Ingen av måleria av har vore utstilt tidligare. Sjølv om Slettebakken var mest produktiv som måler dei siste tiåra av sitt liv, var han heile sitt vaksne liv aktiv med blyant, penn, oljemåling og lerret og iblant lavering eller kull.

Tittelen på utstillinga, «Det er tungt for den som husker alt», er eit sitat frå Gunnar Slettebakken. Vi finn det som russisk innskrift på fleire bilete, mellom anna på måleriet med same tittel. Det er som om han gir oss ein lapp med karakteristikken av sitt eige liv og verk.

Store format, hurtig og kraftfull handling pregar nær sagt alle Slettebakkens målerier. Den som ser på kastes inn i historia, som kan vere eksaltert og morosam og avslørande eller uanstendig på grensa til det vondskapsfulle. Idrett og folkelege festar, krig, kamp og aggresjon, tvang, og forbod er element som gjentek seg i det ytre, men speglar av i indre konfliktar i gåtefulle og kaotiske sjølvportrett.

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1