Hopp til hovedinnhold

Eg har kome for å drepe deg (This is my first painting ever)

Søndag 16. april blir det utstillingsopning av utstillingen "Eg har kome for å drepe deg (This is my first painting ever)" i Galleri Salhus. Utstillinga er laga av studentar på KMD.Utstillinga blir opna kl. 14:00 av Inger Lena Gåsemyr, leiar på Tekstilindustrimuseet.

Om utstillingen

Kva skal ein gjera når 13 unge kunststudentar bestemmer seg for å laga ein workshop om å lage utstilling? Me reagerer med takksemd og ettertanke, fordi det er ikkje lett å vera ein ung kunstnar i dagens kaotiske Europa, men å vera offentleg for ein ny generasjon briljante ungdomstenkjarar burde vera ein fornøyelse.Me bør oppmuntra desse studentane til kontinuerleg å setja spørjeteikn ved tenkjemåtar i samfunnet og alt rundt oss. 

Resultatet av denne workshopen kan sjåast på Tekstilindustrimuseet i Salhus frå 16. april til 14. mai.Denne utstillinga er som ein dans med ulike rørsler i ulike kroppar som tek omsyn til andre verder i ein kompleks røyndom. Ei rekkje teknikkar, tema og problematikkar kan forventast frå fotografering til veving, grafikk, skulptur, stadsspesifikke arbeid, måleri og performance. Denne utstillinga er spannande å sjå.

Deltakarar: Laika Marie Andersen, Ali Reza Ashoori, Karl Bird, Marius Eid, River Hongjie He, Alphie Hubbard, Pooyan Jalilvand, Elna Karlsson, Moana Le Meur, Huzz Liu, Hannah Pettersen, Nora Martine Hjelle Strand og Kjell Korsmo.

Rettleiarar: Kiyoshi Yamamoto, Tim Parry-Williams, Tone Saastad and Daniela Bergschneider.

Teknisk assistanse: Kari Merete Paulsen og Bjørg Nedrebø.


Les meir om kunsten her / Read more about the art here:

  • 1/6
  • 2/6
  • 3/6
  • 4/6
  • 5/6
  • 6/6
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1