Hopp til hovudinnhald

Utstillingane: "Ein blir ikkje vane med det" og "Ferd"

6.juni opnar Galleri Salhus utstillingane Ein blir ikkje vane med det og Ferd av hhv. Anne Tveit Knutsen og Aud Bækkelund.
Kurator: Anneli Belsvik Aras

"Ein blir ikkje vane med det" av Anne Tveit Knutsen

  • kunstverk med brodert tekst på tekstil
    1/1
    Foto: Thor Brødreskift

Knutsen er utdanna både sjukepleiar og kunstnar, og hennar bakgrunn frå eit omsorgsyrke er ein berebjelke i hennar kunstnarskap. I Galleri Salhus viser ho m.a. klypp frå filmen Tvillingsong, installasjonen Signe. Moren og den flunkande nye publikasjonen som også har tittelen Tvillingsong.

"Ferd" av Aud Bækkelund

  • kusntverk i blanda materiale, tre og små treaktige former i tekstil
    1/1
    Foto: Tor Brødreskift

Bækkelund er utdanna kunstnar, og arbeider ofte med gjenbruksmaterialer, ready mades og andre gjenkjennelege materialer som gjev oss assosiasjonar til kvardagsliv, sansing og minner. I Galleri Salhus viser ho m.a. arbeid utvikla frå materialer etter utskifting av sitt gamle kjøkengolv og inntrykk frå sommarseilasar langs kysten i Skandinavia.

Utstillingane står frå 6. juni - 12. september. 

  • 1/2
  • 2/2
Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2