Hopp til hovedinnhold

Astrid Loraas og Mona Pedersen: Ensom/tosom. Kampen om kjærligheten

Geriljabroderi. Norsk Trikotasjemuseum er så heldig å få vera den første til å vise biletteppet ”Ensom/tosom. Kampen om kjærligheten” laga av geriljabroderistane. Teppet er ca. ti meter langt, men det er meininga at verket skal vokse i løpet av utstillingsperioden. Alle er difor invitert til å brodere ein lapp til teppet for å dele sine erfaringar frå både vellykka og mislykka kjærleik. I tillegg til biletteppet, inneheld utstillinga andre arbeid som bilete og pyntegjenstandar.

26.09.2010–01.02.2011

Geriljabroderi ynskjer å ta broderiet ut av dei stivna hendene til okkupasjonsmakta, som her gjeld strenge handarbeidslærarar og husflidsgeneralar som mellom anna lagar småstjerner på blusekragar og batikkjolar. Dei vil løfte broderiet ut av den romantiserte ideen om den nusselege og heimlege kosen og tar difor broderiet ut i verda og bringer verda inn i broderiet. 

Om kunstnarane/geriljaleiarane

Mona Pedersen, fødd 1966. Er utdanna medievitar frå Universitetet i Oslo, og arbeider for tida med eit doktorgradsprosjekt om norsk kinohistorie og kinokultur ved Høgskolen i Hedmark. Ho har og kunstfagleg utdanning frå Oslo teikne- og maleskole, Kunstskolen i Rogaland, og kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho har og tidlegare arbeidd med kunst- og kulturformidling. 

Astrid Loraas, fødd 1965. Utdanning frå designskular og Høgskolen i Akershus/Oslo, faglærar i kunst og handverk. Ho arbeider som designar i eit av Noregs største mediehus. Ho har bakgrunn frå Atelier Nord kor ho arbeidde med etterutdanning for kunstnarar og rettleiing i fleire kunstprosjekt der video og internett vart brukt som plattform.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1