Løys mysteriet!
Vi er i år 2050. Kloden er nesten tom for ressursar og kunnskap om korleis ein kan få nok og riktige klede til folk. Forskaren Fia Sogndal har funne opp ei tidsmaskin som ho har brukt til å reise tilbake i tid for å hente kunnskap om berekraftige materialar.
Resultata skal presenterast for FN sitt bærekraftsutval om kun 60 minuttar, men no er Fia sporlaust borte! Følg spora etter Fia for å samle kunnskap om ansvarleg forbruk og produksjon.
Dette er ein kjekk familieaktivitet som krev godt samarbeid for å løyse oppgåvene raskast mogleg.
Praktisk informasjon
- Escape-boxen blir anbefalt for deltakarar frå 12 år og oppover.
- Pris: 500,- per gruppe som også inkluderer ordinær inngangsbillett til museet for alle i gruppa.
- Ein melder seg på som ei gruppe med maks 6 deltakarar per gruppe. Gruppene konkurrerer mot kvarandre om å løyse mysteriet først, og vinnarlaget får ein premie frå museumsbutikken.
- Møt opp i god tid før kl. 14. Vanlegvis tek det 30–60 minutt å løyse oppgåvene.
- Museet og Krone kafé er ope frå kl. 12-17.