Hopp til hovedinnhold

Ettertankar

Ei ny utstilling med kunstnarane Ingrunn Oddny Myrland og Else Karin Tysse Bysheim.

16.02.2020 – 12.04.2020

ETTERTANKAR er ei utstilling basert på erfaringar, minner, ro og uro. en nære og intime kjennskapen me alle har til tekstilar, gjennom kleda me til ei kvar tid har på kroppen, gjer at arbeida til Myrland og Tysse Bysheim vekkjer gjenklang i våre eigne minner og erfaringar.

ETTERTANKAR stimulerer såleis til refleksjon kring det å vere menneske i verda, ved å røre ved både visuelle og fysiske minner i kvar og ein av oss.

Myrland har si kunstutdanning frå KiR, MA i visuell kunst/tekstil frå KHiO, og pedagogikk m.m. (www.nurgni.no). Tysse Bysheim har mellom anna utdanning innan visuell kunst (KiB), tekstilkultur (VK), kunsthistorie (UiB) og kunstterapi. (www.elsekarin.no)

Utstillinga er kuratert av Anneli Belsvik Aras.

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1