Tove Lise Mossestad
Velkommen til første opningsdag i 2026.
Museet og Krone kafé er ope frå kl. 12-17.
I Galleri Salhus blir det trippel utstillingsopning!
- Sofie Hviid Vinther – Skygger i Ruiner – i Galleri Salhus
- Marit Helen Akslen – How to Proceed? – i Galleri Salhus
- Siri Haaskjold – Endring – i kafémonteren
Marit Helen Akslen arbeider ofte med store tekstile arbeid som skildrar sider av mennesket sin sameksistens med omgjevnadene og påverknad på naturen. I utstillinga How to Proceed? utforskar ho m.a. kva konsekvensar vårt levesett har på verda rundt oss, og stiller seg spørsmålet om korleis kjem vi oss vidare herifrå?
Sofie Hviid Vinther arbeider multidisiplinært med installasjon, tekstil, video og tekst i utstillinga Skygger i Ruiner. Utstillinga sin tematikk har sterk tilknyting til tekstilindustrien og til korleis denne påverkar våre liv både på det individuelle og globale plan. Vinther er m.a. oppteken av temaet arbeid;- kva rutinar som fyller arbeidsdagane og korleis vi bygger identitet gjennom arbeidet.
Siri Haaskjold viser utstillinga Endring i kafé-monteren, der ho nyttar porselenselement frå NTP (Norsk Teknisk Porselen). Porselenselementa har mista sin funksjon som tekniske element i kraft-industrien, og blitt endra til noko dekorativt gjenkjenneleg når Haaskjold leikar med tekstil-tradisjonar som Hardangersaum og åkle-veving.
Opningstale v/kurator og formidlar Anneli Belsvik Aras
Tove Lise Mossestad
Omvisingar og aktiviteter
Bli med på omvising i Salhus Tricotagefabrik kl. 15:00 kr 200,-, gratis for barn.
Inngang til Salhus Tricotagefabrik kr 150, gratis for barn.