- 1/1
Hanne Øverland
Utstillingsopning 12. oktober
Søndag 12. oktober kl. 14:00 / Opens Sunday October 12 at 14:00
Mer informasjon kommer.
(Scroll down for English)
Hanne Øverland og Sidsel Palmstrøm utforskar tekstile materiale som ber på både poetiske og konseptuelle lag. I møtet mellom fargar, nettverk og strukturar skaper dei ei utstilling som speglar forholdet mellom natur, teknologi og menneskeleg nærvær. Øverland presenterer arbeid basert på fargenyanser frå trua fugle- og sommarfuglarter i Noreg. Gjennom teknikkar som broderi, tufting og trykk omset ho artenes karakteristiske fargar til abstrakte tekstile portrett som peikar på naturens sårbarheit og rikdom.
Palmstrøm viser objekt og installasjonar der nettet fungerer både som form og metafor. Dei handlaga netta av naturfiber antyder det uhåndgripelige, medan nylon-nett drivne av motorar opnar for assosiasjonar til teknologi, forbruk og samtida sine usynlege samband.Saman skaper kunstnarane ein heilskap som tematiserer mangfald, struktur og skjørheit – eit rom for refleksjon over kva som held oss saman, og kva vi står i fare for å miste.
English:
Hanne Øverland and Sidsel Palmstrøm explore textile materials that carry both poetic and conceptual layers. In the meeting between colors, networks, and structures, they create an exhibition that reflects the relationship between nature, technology, and human presence.
Øverland presents works based on color nuances from endangered bird and butterfly species in Norway. Through techniques such as embroidery, tufting, and printing, she translates the characteristic colors of these species into abstract textile portraits that highlight the vulnerability and richness of nature.
Palmstrøm shows objects and installations where the net functions both as form and metaphor. The handmade nets of natural fiber suggest the intangible, while nylon nets driven by small motors open up associations with technology, consumption, and the invisible connections of contemporary life.Together, the artists create a whole that addresses diversity, structure, and fragility – a space for reflection on what binds us together, and what we risk losing.
Hanne Øverland
Hanne Øverland arbeider med tekstile materiale og fargar i relasjon til natur. Prosjektet viser eit fargekart basert på nyansar frå utryddingstruga fugle- og sommarfuglarter i Noreg. Artane er tolka gjennom representative fargar og ulike teknikkar som broderi, tufting, shibori, flokking og trykk, som saman peikar på eit mangfald i ferd med å forsvinne.
Inspirasjonen kjem frå geologen A. G. Werner, som i 1774 gav ut ei bok med fargeskildringar av mineral og fossilar. Han meinte fargen var den viktigaste eigenskapen for å skildre eit mineral, og boka vart eit viktig verktøy for forskarar, mellom dei Darwin. På 1700-talet var kartlegging av naturens arter banebrytande; i dag er registrering av truga arter like avgjerande, då artsmangfaldet er under sterkt press.
Øverland har tolka fargane gjennom foto og beskrivingar, med variasjonar som endrar seg med årstid, livsløp og kjønn. Resultatet er individuelle portrett som saman speglar naturens mangfald.
Hanne Øverland (f. 1958) bur og arbeider i Oslo. Ho er utdanna ved Statens Kunsthandverk- og Industriskole (no Kunsthøgskolen i Oslo) og tok diplom i 1987. Ho har hatt fleire separatutstillingar og delteke i ei rekkje kollektive prosjekt, nasjonalt og internasjonalt. Arbeida hennar er innkjøpte til fleire museum og offentlege samlingar, og ho har gjennomført fleire offentlege oppdrag. Øverland var styreleiar i Norske Kunsthandverkarar 2017–2021.
-
Sidsel Palmstrøm
Sidsel Palmstrøm
Sidsel Palmstrøm arbeider konseptuelt med tekstil i objekt og installasjonar. I utstillinga på Salhus utforskar ho nettverk, forbindelsar og flyktige strukturar der idé, materiale og teknikk møtest i eit balansepunkt og skaper rom for assosiasjon og sansing.
Palmstrøm lagar handknytte nett av naturfiber som refererer til nettet som fangstreiskap og behaldar, men her utan nytteverdi – dei glir snarare unna enn fangar. Ho nyttar òg ferdigproduserte nylon-nett, sett i rørsle av små motorar. Dette syntetiske materialet peikar mot samtida sitt forhold til teknologi og forbruk.
Nettet kan lesast som symbol på både orden og oversikt, men òg på dei usynlege nettverka mellom menneske, natur og teknologi. Knutane der linene møtest blir punkt for nye tankar og koplingar.
Sidsel Palmstrøm (f. 1967, Trondheim) bur og arbeider i Oslo. Ho er utdanna ved Statens Kunsthandverk- og Industriskole i Oslo (1991–95), og har hatt mange separatutstillingar og deltatt internasjonalt. Arbeida hennar er innkjøpte til fleire museum og offentlege samlingar. Sidan 2016 har ho vore førsteamanuensis i tekstil kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo.