Hopp til hovedinnhold

Sommarskule: godt handlag

Bli med på sommarskule med kunst- og handverksaktivitetar på Tekstilindustrimuseet og Hordamuseet! Velkommen til ei veke med ulike kunst- og handverksaktivitetar basert på tradisjonar, naturlege materialar, berekraft og gjenbruk.

  • Mann med øks i handa som arbeider med tre, eit barn som ser på
    1/1
    Bymuseet i Bergen

Kurshaldarane er erfarne, dyktige og kreative kunst- og handverksutøvarar. Du kan blant anna lage bilete i blåtrykk, spikke skeier og andre ting i tre, karde og spinne tråd og farge garn med plantar, eller prøve deg på redesign og omsaum på symaskin.

Sommarskulen passar for barn og unge på mellom- og ungdomstrinnet. Kursa krev ingen forkunnskapar – godt handlag er ikkje så vanskeleg å meistre som ein skulle tru. Vi skal også ta oss god tid til triveleg og sosialt samvær.


To stadar – same sommarskule

Vi har alliert oss med dyktige og kreative kunst- og handverksutøvarar. Tilboda er dei same på begge musea, slik at vi kan dekke eit større geografisk område. Vi kan by på plantefarging av garn med sjølvspunne garn og sjølvplukka ingrediensar ved Sascha Camilla Gade, spikking og treskjering ved Henrik B. Håland, flotte bilete i blåtrykk ved Marianne Wie, dessutan saum, omsaum og redesign, bl.a. i form av origamivesker ved Hordaland Husflidslag og husflidskonsulent Hege-Therese Nilsen (sjå program for dei enkelte vekene under).


Gratis tilbod

Sommarskulen er heilt gratis og føregår i veke 25, 31 og 32 kl. 10:0015:00.

Du melder deg på for ei heil veke. Det er 15 plassar kvar veke på både Hordamuseet og Tekstilindustrimuseet.

Sommarskulen passar for barn og unge på mellom- og ungdomstrinnet. Du treng ikkje spesielle ferdigheiter eller forkunnskapar for å vere med, men du må vere glad i kreative syslar. Her får du kjenne på gleda ved å skape noko med hendene, og samstundes lære om korleis tradisjonar og kunnskap frå forfedrane våre kan vere med på å gje oss eit meir berekraftig samfunn. Det blir lagt vekt på både naturlege materialar og gjenbruk. Vi skal sjølvsagt også ta oss tid til å nyte sommaren på dei vakre museumsområda våre.

Martine Mevatne frå MUHO er prosjektleiar for sommarskuletilbodet Godt handlag. Ta gjerne kontakt med henne på tlf. 95080322 eller
e-post martine.mevatne@muho.no for meir informasjon. Ho er òg stadsansvarleg for opplegget på Tekstilindustrimuseet. For spørsmål knytt til tilbodet på Hordamuseet, kontakt Espen Kutschera på 91808378 eller espkut@bymuseet.no

Sjå programmet her.

Praktisk informasjon

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1