Velkomen til ein familievenleg dag på Tekstilindustrimuseet! Bli kjend med museet, prøv kreative aktivitetar og bli med på opplevingar som gir innblikk i tekstilar og handverk. Kaféen er open gjennom dagen med god mat og noko å bite i.
- 1/1
Tove Lise Mossestad
Program
- 12.00–17.00 Kreativ verkstad, open kafé og utstillingar
Lag din eigen miasme i den kreative verkstaden, opplev utstillingane våre og nyt noko godt å ete og drikke i kaféen.
- 13.00 og 15.00 Familieomvising (anbefalt alder 3–8 år)
Bli med på oppdagingsferd i fabrikken. Korleis lagde dei kler på maskinene? Kanskje får du prøve ein strikkemaskin?
- 1/4
- 2/4
Tove Lise Mossestad - 3/4
Tove Lise Mossestad - 4/4
Salhus Tricotagefabrik sett frå sjøen. Trond Isaksen
Praktisk informasjon
Det er gratis inngang for alle heile dagen på alle arrangement.
Museet og Krone kafé er ope frå 12-17.