Gratis søndag

Søndag 31 oktober er det gratis inngang på museet. Det gjeld omvisingar og utstillingar.

Omvising i Salhus Tricotagefabrik

  • reimer og akslingar på kardemaskin (Foto/Photo)
    Hanne Dale/Tekstilindustrimuseet

Bli med på omvising i Salhus Tricotagefabrik (1859-1989). Faste omvisingar kl. 12, 14 og 15.

Omvisinga er gratis men hugs å registere alle som kjem på omvisinga.

Bestill billett til Ordinær omvising i Salhus Tricotagefabrik

Kor er Bændik?

  • Bli med inn i fabrikken! (Foto/Photo)
    Bli med inn i fabrikken! Tove Lise Mossestad

Omvising "Kor er Bændik?" for barn kl. 13.30.

Høyr og sjå maskiner medan vi prøver å finne Bændik som gøymer seg på
 mange rare stadar i fabrikken.

Omvisinga er gratis men hugs å registere alle som kjem på omvisinga. Barn må gå i følgje med ein vaksen.

Passar for barn mellom 3 og 8 år.

Bestill billett til Kor er Bændik?

Førestilling - ei utstilling av Nina Bang Larsen

  •  (Foto/Photo)
    Nina Bang Larsen

Sjå utstillinga i Galleri Salhus. Gratis inngang denne søndagen. Du treng ikkje førehandsbestille billett til utstillinga.

Les meir om utstillinga her.

Kafé og museumsbutikk

  • familie med barn i kafélokale (Foto/Photo)
    Tove Lise Mossestad

Heimebakte kaker og rundstykker i kaféen.

I museumsbutikken finn du våre eigenproduserte varer som skjerf, sokkar og genserar.