Søndag 22. november inviterer vi til gratis museumsdag! Ta med familie eller vener og bruk søndagen på utstillingar, fabrikkhistorie, kreativitet og ein hyggeleg kafépause.
Denne dagen er det gratis inngang til utstillingane og gratis omvisingar i Salhus Tricotagefabrik. Bli med inn i fabrikken og bli betre kjend med historia, menneska og maskinene som har vore med på å forme industristaden Salhus.
For små og store blir det òg kreativt verkstad, med høve til å setje seg ned og lage noko sjølv. Besøk mellom anna vår perleverkstad!
Når du treng ein pause, kan du ta turen innom kafeen, og museumsbutikken er open med gåver, tekstilprodukt, bøker og andre varer inspirerte av fabrikken og tekstilhistoria.
Gratis inngang gjeld heile dagen.
Velkomen til ein innhaldsrik søndag!