Hopp til hovedinnhold

Gruppeutstilling: Cato Løland/Petra Rahm

I Galleri Salhus.

SPOR av Petra Rahm

I utstillinga SPOR koplar Petra Rahm handarbeid og materialitet med minner og spor av tid, som passert og levd liv. Det kvardagslege er ein gjennomgåande tematikk i Petra sitt kunstnarskap, og ho er oppteken av dei nære forteljingane som seier noko om det å vere både eit enkeltmenneske og ein del av ein større samanheng.

Utstillinga rommar tekstile arbeid, kollasjar og tekst, og går i dialog med staden.

Utstillinga er støtta av Bergen kommune.


Reservoar av Cato Løland

I utstillinga «Reservoar» viser Løland nye arbeid som spring ut frå hans pågående undersøking av kropp som rom/rom som kropp, og tekstilet sitt skulpturelle potensiale. Tekstilar er manipulerte og bearbeidde, t.d klipy, rive og smelta, men i større grad enn tidlegare òg brukt direkte som readymade og element i skulpturelle strukturar. Kartong frå felleskapet sine papircontainarar er omdanna til temporære former, som arkitektoniske kroppar liggande på golvet, halvvegs opne halvvegs lukka, utan noko tilsynelatande funksjon utover å vere berende struktur for tekstilet som fullfører skulpturen si form. Løland si interesse i materialer og forskyvingar av deira materialitet, funksjon og verdi, er fundamentet i dei aktuelle arbeida som vert viste i utstillinga. 

Utstillinga er støtta av Bergen kommune.

Utstillingene opnar 21. august i Galleri Salhus

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1