Hopp til hovedinnhold

Gruppeutstilling: There is no place like here

There is no place like here presenterer tekstilhandverk som er skapt i møte mellom 14 kvinner frå 5 forskjellige land. Utstillinga springer ut frå eit samarbeid mellom Senter for byøkologi og tekstildesignaren Heidi Winge Strøm.

14.03.–18.04.2010

There is no place like here stiller spørsmål ved korleis vi diskuterer migrasjon og det fleirkulturelle Noreg, og skapar eit rom for refleksjon rundt korleis migrasjonsprosessar formar menneske, samfunnet og stadane der vi bur. Utstillinga er bygd opp rundt tekstilobjekt, film og fotografi frå prosjektet «Kulturell veving», som blei gjennomført i Ytre Arna vinteren 2009/10. Prosjektet har vore ei reise i og mellom ulike tekstiltradisjonar, der 5 kvinner frå Bergensregionen og 9 kvinner frå asylmottaket i Ytre Arna har utforska teknikkar, mønster og fargar for å utvikle nye tekstilobjekt.

 

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1