Oddbjørn Steffensen
Kor er nøkkelen til fabrikken?
Den gamle fabrikken kan ikkje stengjast. Nøkkelen er borte, og merkelege ting skjer i mørkret!
Bli med på ei spennande skattejakt gjennom fabrikken. Løys gåter, finn hemmelege kodar og leit etter den forsvunne nøkkelen før spøkelse og skumle skapningar tek over natta.
I tillegg blir det kreative Halloween-aktivitetar og ein liten premie til alle som fullfører oppdraget.
Klarer de å stengje fabrikken før det er for seint?
Omvising for dei minste barna (3–8 år) kl. 13, og for dei større barna (8–12 år) kl. 16, når museet stengjer.
Praktisk informasjon
Gratis inngang for barn, 150,- for vaksne i følge med barn
Kreativ verkstad for alle frå kl. 14-16
Skummel vandring for dei som tør frå kl. 16-17 (anbefalt alder frå 8 år)