Hopp til hovudinnhald

UTSETT: Handfarga garn med Fjord Fibres og Vaid plantefargeri

Vi inviterer til strikkekafé med handfarga garn som tema. NB! Arrangementet er utsett til 2021.

  • hesper med handfarga ullgarn
    Vaid Plantefargeri

Det finst mange måtar å lage handfarga garn på, og det blir stadig meir populært. Derfor har vi invitert to av våre lokale handfargarar, Gillian frå Fjord Fibres og Sascha frå Vaid Plantefargeri til å fortelje litt om prosessen med å handfarge garn. Begge tar med seg sitt eige garn for sal.

Kaféen og sal av håndfarga garn startar kl. 18. Kl. 19 vil Sascha og Gillian fortelje litt om handfarging og garnet dei har med seg. Kaféen stenger kl. 21.

NB! Grunna smittevern og smittesporing må alle som skal delta melde seg på på førehand. Denne informasjonen lagrar vi i ti dagar før den blir sletta. Meld deg på via e-post til ellen.risbruna(a)muho.no eller ring/sms telefon 970 87 297. Dersom du er blitt sjuk eller av andre grunnar ikkje kan delta, ber vi deg gje beskjed, slik at nokon andre kan få plassen din.

Inngang: kr 80,–
Billettar i døra

  • reklame for handfarga garn
    1/1
    Fjord Fibres

Fjord Fibres

Fjord Fibres blir driven av Gilly Hagemann, som baserer seg på garn handfarga i Bergen. Sortimentet rommar hesper av handfarga sokkegarn, Blue faced Leicester, Corridale og merinogarn, fiber, maskemarkørar, Soak ullvaskemiddel og ha0ndlaga strikkeposar av norsk stoff.

Fjord Fibres finn du på fjordfibres.com, og Instagram og Facebook som @fjordfibres.

Vaid Plantefargeri

Vaid Plantefargeri blir drive av Sascha Camilla Gade, som sel plantefarga garn farga med kortreiste plantefargar frå eigen fargehage og lyngheiene i Øygarden, og brukar ull frå lokale sauebønder på Vestlandet.

Sascha tek med den nyaste garnkolleksjon som heiter regnbogefargar for sal på strikkekafeen: denne er farga på Sølje pelsullgarn og Vilje lammeullgarn.

Ho tek også med sitt nyaste design: "Bergensk sommergenser" og "Snøkrystallvotter" til utstilling, sidan designa held på å bli teststrikka, og oppskriftene ikkje er ikke klare enno. I tillegg sel ho oppskrifter og har med seg utstillingsmodellar til andre design: selbuvottar og Bornholm-genser.

Alle design er sjølvsagt strikka i plantefarga garn farga av Vaid Plantefargeri.

Vaid Plantefargeri finn du på vaid.no, og på Instagram som @vaidplantefargeri.

Museum24:Portal - 2025.05.21
Grunnstilsett-versjon: 2