Hopp til hovedinnhold

Ida Westberg: Speglingar

I den nye utstillinga i kafémonteren kan du sjå ein installasjon av Ida Westberg i tekstil og keramikk. Opning 20. februar kl. 14.

  • Speglingar av Ida Westberg i kafé-monteren Thor Brødreskift

Ida Westberg arbeider med intuitive veve- og tekstilfargeprosessar. I ei leiken utforsking av det romlege, farge og materialitet, lèt ho verka sine vekse fram. I arbeida hennar trekker ho ofte linjer mellom den indre kjensleverda og dei ytre omgivnadene. I ei blanding av abstrakte og figurative bilete, er plantemotiv noko ho stadig vender tilbake til.

  • Speglingar av Ida Westberg i kafé-monteren Thor Brødreskift
I arbeida hennar trekkjer ho ofte linjer mellom den indre kjensleverda og dei ytre omgjevnadene. I ei blanding av abstrakte og figurative bilete, er plantemotiv noko ho stadig vender tilbake til.

I monteren viser ho ein installasjon med fleire små vevnadar som heng i ein konstruksjon av silke og keramikk, der monteringa er eit verk i seg sjølv. Silken er farga med lyng, cochenille og brasiltre.

Westberg har mastergrad i kunst frå KMD/UiB i 2021.

Meir om kunstaren
Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1