Hopp til hovudinnhald

Jul på fabrikken

NB! Arrangementet har funne stad

Opplev julepynta fabrikk, kreative verkstadar, musikalske overraskingar, kunstutstillingar og julehandel med lokale produkt.

Tekstilindustrimuseet
14. des. 2025
12.00 – 17.00

Det er difor ikkje mogleg å bestille billett.

The event is fully booked. No tickets left.

  • Ellen Fiære Risbruna

Scroll down for English

Søndag 14. desember kl. 12–17

Bli med på ein stemningsfull førjulsdag for heile familien. Opplev julepynta fabrikk, kreative verkstadar, musikalske overraskingar, kunstutstillingar og julehandel med lokale produkt. Krone Kafé serverer lussekattar, gløgg og julegraut – og nissehuer får ei lita overrasking!

Båt med Rødne frå Zachariasbryggen kl. 12, retur frå Salhus kl. 16. Det er gratis inngang på museet, men husk å registrere deg for å bli med i trekning av gåvekort i museumsbutikken. NB! Arrangementet er fullt, det er difor ikkje mogleg å bestille billettar.

I FABRIKKEN

  • Ope strikkeloft: Opplev strikkemaskiner i drift kl. 14 og 15

  • Juleverkstad: Lag bokenglar, snøkrystallar og juletre

  • Musikalske overraskingar

  • Ullaloftet: Utstillinga What happens when we use the mindset of weaving? av studentar ved BAS

JULESTEMNING I KRONE KAFÉ

Nyt julegraut, gløgg og lussekattar – med utsikt over Salhusfjorden.

UNIKE GÅVER OG KUNST

  • Kjøp sokkar, skjerf, gensarar og bomullsplagg produsert på fabrikken

  • Galleri Salhus: Salsutstillinga Overganger av Sidsel Palmstrøm og Hanne Øverland

  • Søt overrasking til alle barn – med og utan nisselue

  • Loddtrekning av gåvekort kl. 15:30 for alle med billett.

 

Velkommen til ein varm og koseleg førjulsdag hos oss!

Det er framleis nokre ledige billettar med Rødne fjord cruise frå Zachariasbryggen kl. 12, med retur kl. 16.

A Magical Pre-Christmas Day in Salhus
Sunday, December 14, 12–5 PM

Join us for a heartwarming day for the whole family in the beautifully decorated, historic knitting factory.

Program highlights:

  • Tour of the knitting loft at 14:00 and 15:00
  • Creative workshop where you can make your own Christmas ornaments and gifts

  • Musical surprises throughout the factory

  • Raffle at 15:30 with gift cards from the museum shop

  • Christmas exhibition featuring local crafts and special offers

  • Krone Kafé serves lussekatter, mulled wine, and Christmas porridge

  • Children with (and without) "nisselue" will receive a small surprise

Art exhibitions:

  • “Transitions” in Galleri Salhus with Hanne Øverland and Sidsel Palmstrøm

  • Student exhibition from BAS at Ullaloftet

Boat transport:
Take the boat from Zachariasbryggen at 12 PM, returning from Salhus at 4 PM. Entrance is free, but please register to win a gift card from the museums shop.

Welcome to a genuine Christmas experience in historic surroundings!

Juleverksted

Lag bokengler, snøkrystaller og juletrær på vårt juleverksted.

  • 1/2
    Lag bokengler på juleverkstedet Katinka Halland/MUHO |
  • 2/2
    Lag juletrær i på juleverkstedet Katinka Halland/MUHO |

Nyt julemat i Krone kafé

Krone kafé serverer deilig julegrøt og lussekatter.

  • 1/1
    Katinka Halland/MUHO |