Juleutstilling i Galleri Salhus 26. Nov. – 13. Des. 2023
Gled deg til å oppleve årets nye konsept, ein “Off the Wall and off the Table Juleutstilling” i Galleri Salhus. Her kan du kjøpe årets julegåver til dei du er glad i, noko heilt unikt, som er laga av profesjonelle kunstnarar, kunsthandverkarar og designere. Utstillinga er ein kuratert, salsorientert juleutstilling med fokus på kunstverk, kunsthandverk og design.
«Off the Wall and off the Table», betyr at du umiddelbart kan få med deg kunstverk, design og kunsthandverk om du kjøper noko i galleriet. På utstillinga vil du bl.a. oppleve tekstilkunst, grafiske verk, smykkar, skåler i keramikk og tre, papirkunst, skulpturkunst mm. Utstillinga spenner bredt i uttrykk og pris, alt frå 75 kr. til ein makspris på 2000 kr.
Vi sjåast i Galleri Salhus søndag d. 26. november og frem til d. 13 des. på alle opningsdagar.
Det er gratis inngang i utstillinga.
Deltakande kunstnarar:
- Anette Bergo / Abrado Wood
- Amelia Bjørnsen
- Barmen & Brekke
- Kristen Keegan
- Johanne Teigen
- Ellen Hansen
- Freja Burgess
- Elisabeth Rydland Nilssen
- Marit Midtun / MIJO Design
- Patricia Sichmanova
- Silje Bergsvik / Morelle Design
- Solfrid Helland Stein
- Vibeke Rød Kjøde
- Judith Elisabeth de Haan
- Oddlaug Fonn
- Henning Ingvaldstad Grannes
- Ida Westberg
- Sigrid Rostad
Opningstider (til 13. des)
- onsdag - fredag 11-15
- søndag 12-17
- I tillegg er utstillinga ope:
- tirsdag 28. nov kl. 18-21 (strikkekafé)
- laurdag 2. des kl. 12-17 (marked i Salhushallen)
- onsdag 13. des kl. 17-21 (Lucia-kveld og siste opningsdag)
- ta gjerne kontakt med oss om du ønskjer å besøke utstillinga utanom opningstid (på kvardagar mellom kl. 9-15).