- Opningstider
onsdag - fredag 11-15, søndag 12-17. Siste opningsdag er 14. des.
-
Nåleputer fra Ellen Hansen
Julebutikken opnar søndag 23. november!
Vi ønskjer velkomen til ei stemningsfull opning av årets julebutikk - full av unike, handlaga og lokalproduserte gåver. Kombiner gjerne besøket med lunsj i Krone Kafé. Det er gratis å besøke museusbutikken og kaféen.
I år får du varer frå Ellen Hansen, som lagar nåleputer med omtanke, fargeglede og gjenbruk i sentrum. Vi tilbyr òg vakre og haldbare strikkekurver frå Pearl Hamre, handlaga av kvinnekooperativet Oyémam i Ghana, og unike produkt frå Abrado Wood, laga av funne og gjenbrukte materialar.
-
Tove Lise Mossestad
Gåver som varmar
I museumsbutikken finn du våre eigne produkt frå Salhus Tricotagefabrik. Her finn du varme ullsokkar, salhusgenserar, T-skjorter og strikkepakkar – alt strikka på museet og sydd lokalt under namnet Industrikk. Tradisjon, kvalitet og kortreist produksjon er med i kvar einaste vare.
Vi har òg eit utval lokalprodusert kunsthandverk, tekstilar og små gåver med særpreg, i tillegg til bøker og kjekke leiker til barn.
Velkomen inn – for gåver som varmar både kropp og hjarte.
- 1/2
Tove Lise Mossestad - 2/2
Hanne Dale /Tekstilindustrimuseet