Kafé-monter: Silje Bergsvik

Utstilling i kafé-monter

Fargesprak - Glimt av sommar

  •  (Foto/Photo)

I denne utstillinga viser Silje Bergsvik heilt nye arbeid.

Arbeida tek utgangspunkt i personlege minne og er inspirert av både natur og 1950 tallets modernisme og abstrakte stilperiode. Uttrykket i arbeida er ei blanding av intuitive og konstruktivistiske prosessar og samspelet mellom farge og form. Alle smykka er både designa og handlaga av Bergsvik. I smykka kombinerer ho nye og gamle teknikkar, der form og funksjon er i fokus. Smykka vert designa på arbeidsbordet, så teikna digitalt, kutta med laser og vidare bearbeidd og ferdigstilt for hand på arbeidsbenken. Smykka består av 925 sølv, flyfinér, laminat. I val av materiale er det kvalitetar som vekt, styrke og farge som er avgjerande.