Siri Haaskjold
Endring
Siri Haaskjold viser 2 arbeid frå Crossover - prosjektet der ho brukar porselenselement frå NTP (Norsk Teknisk Porselen) satt saman til kjende tekstilmønster som Hardangersaum og Åklemønster.
Porselenselementa gjennomgår ei endring frå å vere funksjonelle til reint dekorative.
Siri Haaskjold
Siri Haaskjold (f. 1954) er utdanna keramiker frå Kunsthøgskolen i Bergen i år 1989. Ho arbeider med keramikk, teikning og collage og har i alle år hatt ei lang rekkje kunstprosjekt med born og unge. I sitt kunstnarskap jobba Haaskjold leikent og intuitivt, t.d. ved å klippe, rive, lime, knuse, snu, vende, og legge til og trekke frå, fram til ønska resultat er oppnådd. Dei seinare åra har ho jobba med å lage nye arbeid av gamle arbeid, samt lage eigne arbeid der industrielt framstilt porselen er ein del av arbeidet.