Hopp til hovedinnhold

KMD: tekstil

I utstillinga presenterer Fakultetet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen nye arbeid av kunststudentar som arbeider innan tekstil.

  • utstillingsplakat for KMD: tekstil
    KMD, UiB

14.–27. september 2020

Fokusområdet for tekstil ved KMD er ei mangfaldig og vital gruppe studentar, teknikarar og akademikarar som saman utforskar eit breitt spekter av emne innan kunstnarisk praksis i tekstilmediet. Verka i utstillinga har blitt til gjennom direkte handverksmessig framstilling med analoge og digitale teknikkar innan veving, trykk, farging, strikking, saum, manipulasjon og andre tverrfaglege tilnærmingar. Samtidig er dei ladde med individuelle tankar, refleksjonar og kommentarar til ei rekke tema – frå det personlege til det offentlege, frå private og sosiale sfærar – og med utspring i utvida diskursar om stad, kultur, identitet, natur, seksualitet, kropp, utdanning, feminisme, kommunikasjon, persepsjon, handverk, miljøvern, forbruk og posthumanisme. På denne måten representerer dei mange visuelle, haptiske og kognitive uttrykka høglytte, spirande stemmer i moderne (tekstil) kunstpraksis.


Museum24:Portal - 2024.11.12
Grunnstilsett-versjon: 1