Kunstnarar: Angeli Blombäck (SE), Nina Eriksson (SE), Katinka Halland (NO), Nora Martine Hjelle Strand (NO), Julia Hodell Westmann(SE), Sofie Krogh Stautz (DK), Emelie Larsson (SE), Johan Lundborg (SE), Henna Nerg (FI), Pym Sommers (USA), Sangría Valentino (DK), Lexy Liangzi Xiao (CN).
Fokusområde tekstil ved KMD har eit mangfaldig og vitalt miljø av studentar, verksmeistrar og kunstfaglege tilsette som saman utforskar eit breitt spekter av emne innan kunstnarisk praksis.
Utstillingen er sett saman av studentar frå fleire årsklassar. Dei viser arbeid frå eit breitt spekter av uttrykksformer; analoge og digitale, konseptuelle, handverksbaserte, utført ved hjelp av teknikkar som stofftrykk, farging, vev, saum, broderi, foto, nye media, 3D trykk og eigenutvikla metodar for føremålet. Arbeida representerer tankar og refleksjonar knytt til tema som kommunikasjon, identitet, skeivheit, berekraft og natur.
[KMD: TEXTILES] følger ein lang tradisjon av samarbeid med museet og markerer med dette eit nytt kapittel. Den er kuratert av professor Tim Parry-Williams, førsteamanuensis Ingrid Aarset og kunstnar og alumn, Daniela Bergschneider.
Galleri Salhus høyrer til Tekstilindustrimuseet, Museumssenteret i Hordaland (MUHO). Galleriet sin profil er å vise tekstilkunst av høg kvalitet. Utstillingsprogrammet er også ope for andre materiale eller uttrykk som omhandlar tekstile teknikkar eller tema.
Galleri Salhus, Tekstilindustrimuseet, Museumssenteret i Hordaland (MUHO), Salhusvegen 201, 5107 Salhus
Opningstider
- ons–fre 11–15, søn 12–17
- påske (13.–17.04) ons–fre og søn 12–17
Kontaktpersonar
Tim Parry-Williams
Professor i tekstilkunst
Fakultet for kunst, musikk og design
Universitetet i Bergen
(+47) 922 14 424
tim.parry-williams@uib.no
Anneli Belsvik Aras
Nestleiar Tekstilindustrimuseet/kurator for Galleri Salhus
Museumssenteret i Hordaland
Anneli.Belsvik.Aras@muho.no