Hopp til hovedinnhold

Kristen Keegan: Clouded flowers

Årets første utstilling i Galleri Salhus er ei separatutstilling med Kristen Keegan, som arbeider innan abstrakt måleri.

  • Utstillinga Clouded flowers av Kristin Keegan. Thor Brødreskift

Kristen Keegan (f. i Edmonton, Canada, 1988) har i lang tid vore interessert i måleriet, og i aukande grad gjennom dette teke opp temaet persepsjon innafor det abstrakte.

Keegan er oppteken av uklåre bilete, bilete som er under utfaldalding, og som kanskje ikkje har eller nokon gong vil få ei statisk form.  Gjennom arbeidet er ho oppteken av det synlege som eit sansefelt, og tenkjer på måleria som pre-perseptive tilstandar.

  • Clouded flowers av Kristin Keegan i Galleri Salhus. Thor Brødreskift

Som ei forgrening frå dette senteret/fokuset, har det kome studiar av transparens som er nye i Keegan sin kunst.

Overgjevne til det naturlege lyset i rommet, har desse måleria mange ansikt. Når ein forflyttar seg rundt i rommet, blir visninga heile tida endra til noko nytt; lyset er i konstant endring.  I tillegg vil ein oppleve at måleria blokkerer, slører eller skyggar for kvarandre.  Meir enn noko anna antydar dei at det du oppfattar i den eine augneblinken aldri er heilt endeleg.

  • Clouded flowers av Kristin Keegan i Galleri Salhus Thor Brødreskift

Referansen til funksjonelle tekstilar er både ein måte å involvere det lokale på, og samstundes ein måte å engasjere noko som spesifikt tilhøyrer kvardagen.

Det har også grunnlag for korleis Keegan jobbar med måleri som materiale.

Måleriet blir handsama som eit materiale å arbeide med, i staden for ei einsarta overflate av førehandsbestemte storleik.

Om kunstaren

Kristen Keegan (f. i Edmonton, Canada, 1988) viser utstillinga Clouded flowers i galleriet. Ho har i lang tid vore interessert i måleriet, og i aukande grad gjennom dette teke opp temaet persepsjon innafor det abstrakte. Keegan har ein BA i fine art frå University of Alberta i Canada i 2010, og ein mastergrad i kunst frå KMD/UiB i 2019. Ho lever og arbeider framleis med Bergen som base.


Meir om kunstnaren:
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1