Hopp til hovudinnhald

Krone kafé

Med Salhusfjorden like utanfor vindauget får ein ei heilt eiga stemning som dannar ei flott ramme rundt ditt arrangement.

  • kafélokale med gjestar, stolar og bord, store fabrikkvindauge
    Trond Isaksen /Riksantikvaren

Med sin staselege industriarkitektur er produksjonslokala til Salhus Tricotagefabrik bygd med store vindauge ut mot fjorden som gjev mykje lys i lokalet. I dag er delar av fabrikken bygd om til kafé for museet. Her har vi også terrasse og båtkai, og utandørs sitteplassar på begge sider av bygningen. Med Salhusfjorden like utanfor vindauget får ein ei heilt eiga stemning som dannar ei flott ramme rundt ditt arrangement.

Kafeen inneheld også ein filmsal, og veggen mellom filmsal og kafé kan opnast opp for å gjere lokalet større. Vi har sitteplassar og dekketøy til 100 personar.

Fyll ut skjema her eller kontakt oss på epost: bestilling.tim@muho.no 

Lunsj eller middag?

Krone kafé tilbyr servering til ulike type selskap. Ta kontakt for å få eit skreddarsydd tilbod.

  • 1/4
    Tekstilindustrimuseet
  • 2/4
    Tekstilindustrimuseet
  • 3/4
    Tekstilindustrimuseet
  • 4/4
    Tekstilindustrimuseet