Hopp til hovudinnhald

Kva kan du oppleve?

På Tekstilindustrimuseet kan du oppleve industri- og arbeiderhistorie og sjå moderne tekstilkunst i Galleri Salhus. Museet har museumsbutikk med stort utval og Krone kafé tilbyr lokal og sesongbasert mat.

  • Utstillinga Stemmer Thor Brødreskift

Galleri Salhus

I Galleri Salhus finn du ny norsk tekstilkunst, og skiftande utstillingar om tema som tekstil, industri, arbeid og berekraft i løpet av året. 

Utstillingar og omvisingar våren 2026
  • kvinne ser på produkt i butikklokale
    Tove Lise Mossestad

Museumsbutikken

Salhus Tricotagefabrik var kjend for slitesterke kvardagsklede. Vi strikkar enno gode ullgenserar, raggsokkar og t-skjorter på dei gamle maskinene, og gjer nye vriar på dei klassiske modellane. Ferdig metervare frå strikkeloftet går vidare til vask, tilskjering, saum, damping og merking før produkta hamnar på hylla i museumsbutikken under namnet Industrikk. 

Alt er strikka på museet og sydd lokalt, anten av oss sjølve eller i samarbeid med aktørar i nærområdet. Strikkepakkane våre inneheld oppskrift og garn som er tvinna hos oss. Her finn du unike og kortreiste gåver som berre kan kjøpast hos oss.

Nettbutikk
  • rykande kaffikopp i vindaugskarm med vindusblad (Monstera)
    Tove Lise Mossestad

Krone kafé

I Krone Kafé vil du alltid finne fersk bakst, heimelaga supper, salater, godt gammeldags grovbrød med kortreist pålegg, alt laga med visjonen; kjærleik til fjord, fjell, folk og den norske lokalprodusent.