Hopp til hovudinnhald

Også ei kvinnehistorie

Å sørga for mat og klede har alltid vore ei hovudsak for den med hushaldsansvar – anten det var stort eller lite, rikt eller fattig. Planlegging, tilgang på ressursar, tid til rådvelde – alt dette kjennes på for den som har andre å sjå etter enn berre seg sjølv. Somme noterer undervegs i arbeidet. Slik som prestefrua i Haus gjorde.
Henrikka Landstad, futedottera frå Austlandet, var gift med Wilhelm Landstad. Dei busette seg i Haus i siste helvta av 1800-talet; midt i den alderdommelege matkulturen til strilane og samstundes i sentrum for den tekstile revolusjonen. Oppskriftene ho samla og notata ho gjorde - om mat, veving og strikking - fortel også ei kvinnehistorie.
Vi skal høyra meir om henne og tida ho levde i på Kvinnedagen 8. mars!

Om foredragsholdar:
Randi Andersen f.1946 er tidlegare museumsstyrar på Osterøy museum. Ho er historikar og har skrive bygdebøker frå Gausdal (mellomalder) og Arna (fram til 1840), Brakakledde bygningar i Hordaland og elles lokalhistoriske artiklar

Foredraget begynner kl. 12:00 i kafeen.
Pris: 50,-

  • 1/1