Hopp til hovedinnhold

Loose Ends

10 studentar frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen har sett saman ei gruppeutstilling som skal stå ut månaden.

11.–31.05.2014

 Kunstnarane har ulik bakgrunn og praksis. Det er stor variasjon mellom kva uttrykk og media dei foretrekk.Den siste veka har dei trassa ulikskapen og gått saman om å utforske rommet og arbeide saman for å finne svar på nokre av dei spørsmåla som kjem når verka vert konfrontert med kvarandre i ein ny samanheng. Kva hender når visningstaden er ein nedlagd trikotasjefabrikk med tydeleg historisk identitet og industriell fortid? Kan vi seie noko om notida ut frå det biletet som oppstår i utstillinga?

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1