Hopp til hovedinnhold

Marie Skeie: Tusen fuglar

Tekstilkunstnar Marie Skeie sette i denne utstillinga fokus på eit svært aktuelt tema; fridom og ønskje om fred i Gaza. Utstillinga er basert på prosjektet Threads Art Project.

26.10.2014-04.03.2015

Tekstilkunstnar Marie Skeie sette i denne utstillinga fokus på eit svært aktuelt tema; fridom og ønskje om fred i Gaza. I Japan er fuglen eit symbol på fred. I løpet av 2014 broderte fleire hundre menneske i Gaza og Noreg sin fugl og la ved ein bodskap. Desse broderte fuglane vart ei internasjonal kunstutstilling, som vi opna i galleriet på Norsk Trikotasjemuseum søndag 26.10. 2015. Då opna vi ei utstilling som dessverre venta på dei 300 fuglane frå Gaza. Desse fuglane var innesperra i Israel, men kom til Noreg oktober 2014, og har likevel blitt ein del av prosjektet til Marie Skeie som ennå samlar inn fugler (pr 2015)

Prosjektet Threads Art Project er under prossess, og Marie Skeie har som mål å få inn 1000 fuglar frå heile verda. Når målet er fullbyrda ønskjer ho å gi utstillinga tilbake til Gaza. Det er enno mogleg å bidra, og ein kan sende broderte fuglar til Marie Skeie.

Oversikt over institusjoner som bidreg: Edwards Said Institute, Palestine Trauma Centre, Al Azhar University, Women’s Affair Technical Committee, Women’s Health centre, A.M.Qattan Foundation, Atfaluna Sociey for Deaf Children, Popular committee for Palestinian Refugees, Tamer Institute, Maan Assosiation, Apee Jay College (India). Ullsmåg skole, Garnes videregående skole, Mjølkeråen skule, Salhus skule, Ytre Åvik grendahus, Bergen Fengsel og Norsk Trikotasjemuseum.

Utstillinga er støtta av: Norsk Kulturfond; Norsk Kulturråd, Norske Kunsthandverkere og Bergen kommune.
 

Museum24:Portal - 2024.11.12
Grunnstilsett-versjon: 1