Hopp til hovedinnhold

Meet the artists in residency

Møt kunstnarane som for tida bor i museets artist in residency.

For tida har museet to kunstnarar som bor og arbeidar ved museet. Denne søndagen vil dei gi ei presentasjon av seg sjølv og kunstarskapet sitt.

Anne-Marie Hirmer

Anne-Marie Himer er tekstilkunstnar, designar og ingeniør. Ho har spesialsert seg på flatstrikkemaskiner. Hennar innovative tilnærming utfordrar grensene for tradisjonelle strikka tekstilar, med vekt på matrealitet og tredimensjonal skaping. 

Med bakgrunn i mote utforskar ho kryssinga mellom klede og arkitektur, med eit mål om å viske ut skiljet mellom menneskekroppen og romleg design. Hennar kreative prosess er ein fusjon av teknologisk innovasjon, arkitektoniske prinsipp og kunstneriske uttrykk.

Jenni Österlund

Finske Jenni Österlund er ein tverrfagleg kunstnar som hovudsakleg arbeider med performance, fiber og resirkulerte materiale funne i hennar nære omgjevnader. 

Kjernen i arbeidet hennar er berekraft, nærvær og utforsking av omgivnadene for å finne ein stad der ein kan sameksistere. Ved å bryte ned kvardagslege stader og deira meiningar, skaper ho metaforiske landskap der feminisme, natur, maktbalansar og småstadkontekstar blir diskutert i eit nytt lys. Som ein del av ein språklig minoritet i Finland, og som ein kunstnar som vel å bu og arbeide i eit "rurbant" område, arbeider ho kontinuerleg med identitet og tilhøyrsle.

Museum24:Portal - 2024.10.21
Grunnstilsett-versjon: 1