Hopp til hovedinnhold

MONOTONI – INDUSTRIELLE REFERANSER

Kva må til for å lage eit produkt? Korleis ser vegen frå råmateriale til ferdig produkt ut? Møtepunkt mellom industriell produksjon og handverk dannar grunnlaget for utstillinga «Monotoni – Industrielle Referansar» som opnar på Norsk Trikotasjemuseum søndag 25. februar. Salsutstillinga viser arbeid av tre bergensbaserte kunstnarar innan keramikk, smykkekunst og trykk: Silje Bergsvik, Rebecca Teigland og Anneli Belsvik Aras.

25.2.–18.5 2018: Anneli Belsvik Aras, Silje Bergsvik og Rebecca Teigland

Industrielle ekko

Industriell produksjon krev drivkraft; eitt ledd er avhengig av det neste, og alle ledda heng saman og driv fram eit resultat. Det er maskiner som repeterer og gjentek, som surrar og snurrar, roterer, og forsyner prosessen med materialar og leverer produkt. Om att og om att, kvar dag det same, i ein slags evig monotoni. I utstillinga har kunstnarane har sett på «livsløpet» i industrien, og ser ein relasjon mellom dette og det å arbeide med materialbasert kunst. Sjølv om det industrielle er maskinlaga, og verka i utstillinga handlaga, er det i begge tilfelle eigentleg eit samarbeid mellom hender og maskiner.

Arbeida er bygd på minner frå ein industri, eit ekko frå maskinane. Som materialbaserte kunstnarar er dei opptekne av prosessen, både i sitt eige arbeid, og i den industrielle produksjonen. Arbeida i utstillinga er laga gjennom materialbaserte, prosessorienterte teknikkar, og repeterande arbeidsmåtar. Om att og om att, for også sjølve å kjenne på monotonien.

Om kunstnarane

Silje Bergsvik er utdanna smykkekunstnar frå Alchimia contemporary jewellery school i Firenze, og har Master i metall- og smykkekunst frå Kunsthøyskolen i Oslo. Ho har delteke på ei rekke utstillingar i inn- og utland, og vore med på å starte kunstnargruppa Klink, kunstnergruppa Hauk, og kunst- og design-butikken Made in Bergen retail. I denne utstilliga viser ho både smykke og silketrykk. Arbeida tek utgangspunkt i tannhjulet som symbol for drivkrafta, prosessane og samanhengane som skaper ein industri.

Anneli Belsvik Aras har hovudfag i spesialisert kunst frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho arbeider hovudsakleg i leire, men tidvis også i grafiske teknikkar som silketrykk og linoleumssnitt. Arbeida hennar ligg ofte i området mellom det funksjonelle og det biletlege, og kretsar kring tema som arv, levd liv, møter og spor. Ho set gjerne stramme rammer for arbeidet sitt og arbeider i seriar. Overflate, tekstur, materialitet og farge står sentralt i arbeidsprosess og resultat. Arbeida til Aras har ofte eit stille uttrykk som opnar for undring og refleksjon. www.anneliba.com

Rebecca Teigland har master i tverrfagleg trykk frå University of West England og bakgrunn innan kunst- og handverksfag. Ho arbeider blant anna med støypt keramikk blanda med fotografiske teknikkar, laserkutting med meir. I utstillinga viser ho keramiske arbeid med referansar til fabrikken til museet. www.rebeccateigland.no

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1