Hopp til hovedinnhold

Museumsbutikken

Ta ein tur innom museumsbutikken og kjøp med deg gode og varme sokkar produsert på våre sokkestrikkemaskiner. Eller kva med ein Salhusgenser?

Gåver som varmar

Salhus Tricotagefabrik var kjend for slitesterke kvardagsklede. Vi strikkar enno gode ullgenserar, raggsokkar og t-skjorter på dei gamle maskinene, og gjer nye vriar på dei klassiske modellane. Ferdig metervare frå strikkeloftet går vidare til vask, tilskjering, saum, damping og merking før produkta hamnar på hylla i museumsbutikken under namnet Industrikk. Alt er strikka på museet og sydd lokalt, anten av oss sjølve eller i samarbeid med aktørar i nærområdet. Strikkepakkane våre inneheld oppskrift og garn som er tvinna hos oss. Her finn du unike og kortreiste gåver som berre kan kjøpast hos oss.

Vi fører òg eit utval lokalprodusert kunsthandverk og design, inkludert klede og tekstilartiklar – gåver med særpreg som ikkje finst i alle butikkar. I butikken finn du sjølvsagt bøker om strikking, tekstil og lokalhistorie, og eit knippe lure barneleikar.

Butikken har same opningstider som museet.

  • Butikklokale med bøker og tekstilar, kvinne ser på plagg
    1/10
    Trond Isaksen /Riksantikvaren
  • Butikklokale med kosedyr, bøker og anna
    2/10
    Trond Isaksen /Riksantikvaren
  • fire garnkoner i ein vindaugskarm, reklame
    3/10
    Hanne Dale /Tekstilindustrimuseet
  • dame i gul ullgenser på kai
    4/10
    Hanne Dale /Tekstilindustrimuseet
  • kvinne ser på produkt i butikklokale
    5/10
    Tove Lise Mossestad
  • fire raggsokkar på metallform
    6/10
    Hanne Dale /Tekstilindustrimuseet
  • strikka sjal heng på kontorstol
    7/10
    Hanne Dale /Tekstilindustrimuseet
  • to par pulsvarmarar
    8/10
    Hanne Dale /Tekstilindustrimuseet
  • To barnegenserar heng på ein vegg
    9/10
    Hanne Dale /Tekstilindustrimuseet
  • hylle med garnhesper
    10/10
    Hanne Dale /Tekstilindustrimuseet
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1