09.10.2011–01.04.2012
AGNES BAKKE MURUD er utdanna tekstilkunstnar, og gjekk ut frå Kunsthøgskolen i Bergen våren 2010. Med utgangspunkt i fotografi og teikningar arbeider ho hovedsakeleg med silketrykkteknikk på tekstile materiale. I arbeidet med denne utstillinga har ho tatt utgangspunkt i den gamle fabrikken. Foto av gamle kardemaskiner og strikkemaskiner på fabrikken er blitt bearbeida på data for så å bli overførte til silketrykkrammer. Resultatet er ein serie arbeid med trykte og utbrente tekstilar. Publikum som har vore på omvisning i museet vil kunne kjenne att motiva frå stofftrykka. Agnes Bakke Murud er fødd i 1978 i Bodø, og bur no i Indre Arna.
RACHEL E. HUGLEN har bachelor frå Kunsthøgskulen i Bergen, og går no siste året på mastergrada i kunst. «Inspirert av Norsk Trikotasjemuseums tekstile identitet presenterer eg her for publikum arbeid som på ulike måtar held seg til tekstil som materiale og kunstnarisk uttrykksmiddel. Sjølv om eg nyttar tradisjonelle teknikkar som trykk, vev og draperi, er det ikkje teknikken som er mitt høgsete, men tekstil som middel for refleksjon og forteljing.» Rachel E. Huglen er fødd i 1979 på Stord, og bur i Bergen.