Hopp til hovudinnhald

Bli kjent med kunsten

Korleis kan samtidskunsten hjelpe oss å forstå samfunnet vi lever i? Bli med på kuratoromvising i Galleri Salhus.

Korleis kan samtidskunsten hjelpe oss å forstå samfunnet vi lever i? Bli med på kuratoromvising i Galleri Salhus.

galleri salhus Tekstilindustrimuseet
22. mars 2026
14.00 – 15.00
Kjøp billett
  • Sofie Hviid Vinther | Thor Brødreskift

Galleri Salhus viser for tida to utstillingar, Skygger i ruiner av Sofie Hviid Vinther og How to Proceed? av Marit Helen Akslen.

Dei to kunstnarane tilhøyrer ulike generasjonar, men deira kunstnarskap har fleire tematiske krysningspunkt. Begge to jobbar ganske politisk, og kommenterer vår samtid gjennom sine arbeid. Korleis kan samtidskunsten hjelpe oss å forstå samfunnet vi lever i?

I omvisinga vil kurator Anneli Belsvik Aras ta dykk med inn i utstillingane for å sjå nærare på både innhald, handverk, heilskap og detaljar. Det vil vere mogeleg å kome med spørsmål og innspel.

Marit Helen Akslen arbeider ofte med store tekstile arbeid som skildrar sider av mennesket sin sameksistens med omgjevnadene og påverknad på naturen. I utstillinga How to Proceed? utforskar ho m.a. kva konsekvensar vårt levesett har på verda rundt oss, og stiller seg spørsmålet om korleis kjem vi oss vidare herifrå?

Sofie Hviid Vinther arbeider multidisiplinært med installasjon, tekstil, video og tekst i utstillinga Skygger i Ruiner. Utstillinga sin tematikk har sterk tilknyting til tekstilindustrien og til korleis denne påverkar våre liv både på det individuelle og globale plan. Vinther er m.a. oppteken av temaet arbeid;- kva rutinar som fyller arbeidsdagane og korleis vi bygger identitet gjennom arbeidet.

Praktisk informasjon

  • Omvising tek om lag 40 min.
  • Krone kafé  tilbyr suppe med brød og kaffi/te til kr 200 per person før omvisinga (kl 13).
  • Billetten inkluderer inngang til Tekstilindustrimuseet og Salhus Tricotagefabrik.